Open dag på glattkøyringsbana i Stardalen
Glatta kan kome fort no utover hausten og vinteren - er du klar?

lørdag 03.okt. (kl. 09:00 — 12:00)
2026
NAF Øvingsbane Jølster
Befringsvegen 29, 6843 Sunnfjord, Norge
Om arrangementet
Er det lenge sidan du har vore på glattkøyring? Lurar du på korleis bilen din oppfører seg på glatt føre?
Laurdag 3.oktober held vi open dag på NAF Øvingsbane Jølster, Tilbodet er både for NAF-medlemmar og andre, og er gratis. Bli med på ein spanande og lærerik laurdag før haustmørkret og det glatte føret set inn!
Ungdom som har teke trafikalt grunnkurs kan køyre saman med ein føresett.
Tilitsvalde frå vår lokalavdeling vil vere tilstades og informere om NAF og våre aktivitetar lokalt.»