NAF avd. Fjordane og Ytre Sogn 9

Om oss

I eit område med bratte fjell, djupe fjordar og sårbar infrastruktur, jobbar engasjerte ildsjeler for at kvardagsreisa di skal vere trygg – uansett vêr og vegstandard. Dette er NAF avd. Fjordane og Ytre Sogn.


Avdelinga dekkjer kommunane Kinn, Bremanger, Sunnfjord, Askvoll, Fjaler, Solund, Høyanger og Hyllestad – eit område med spektakulær natur og store samferdsleutfordringar. For folk her er bilen heilt avgjerande i kvardagen, og difor står trafikksikkerheit og betre vegstandard høgt på dagsordenen.

Vi kjempar for:

  • Å få viktige prosjekt inn i Nasjonal transportplan, som utbetring av E39 Storehaugen–Førde og rassikring av riksveg 5 og fv. 609 Hunsåna
  • Samarbeid regionalt for betre standard på riksveg 13 og E16
  • Rassikring og betre vedlikehald på vegar som er sårbare for klima og tøft vêr

Kvar vår arrangerer vi trafikktryggleikskveldar for tiandeklassingar, og gjennom året deltek vi på ei rekkje arrangement i regionen. Vi har òg eit tett samarbeid med NAF Senter Førde, som gir eit unikt tilbod til medlemmane i området.

Vi ønskjer å vere ein tryggheitspartner og eit aktivt fellesskap for alle i Fjordane og Ytre Sogn – og er du NAF-medlem og bur i området, tilhøyrer du vår lokalavdeling.

👉 Ikkje medlem enno? Meld deg inn i NAF her.
✉️ Har du lyst til å bidra som frivillig? Send ein e-post til fjordaneogytresogn@lokal.naf.no. Vi treng alltid fleire som vil gjere ein forskjell for trafikktryggleiken i lokalmiljøet.

27. august 2025

Fant du det du lette etter?