Årsmøte 2026
Velkomen til årsmøte på Scandic Victoria Hotel i Florø laurdag 14.mars frå klokka 14:00.
Kun for medlemmer av NAF avd. Fjordane og Ytre Sogn
Dette arrangementet er kun for medlemmer av en spesefikk lokalavdeling. For å se hvilken lokalavdeling du hører til, må du logge inn.2026
Markegata 43, 6905 Florø
Pris for medlem: 300,-
Om arrangementet
Årsmøtet vert innleia med ordførar i Kinn kommune, Bengt Solheim-Olsen. Han vil ta føre seg samferdsleutfordringar i kommunen. Vidare får vi besøk av NAFs President Tor Arne Litlere og avdelingens kontaktperson i Hovedstyret, Irene Teige Killi. Dei vil gi ein presentasjon av strategisk retning NAF.
Det vert elles vanlege årsmøtesaker jf NAF sine vedtekter. Det er berre medlemmar med gyldig medlemskap som har stemmerett på årsmøtet, men både nye og gamle medlemmar er velkomne.
Medlemmar som ynskjer saker handama på årsmøtet må sende saka til styret innan 27.februar.
Det vert årsmøtemiddag laurdag kveld frå klokka 19:00. Dei som ynskjer å delta på årsmøtet med middag må melde seg på. Det vert ein eigenandel for middagen på kr 300,-. Tillitsvalde/frivillige som har bidrege på ein eller fleire aktivitetar i 2025 får dekka årsmøtemiddagen.
Vi har ei bærekraftsatsing på å redusere bruken av papir. Sakliste og dokument til årsmøtet kan de difor få ved å ta kontakt på e-post til fjordaneogytresogn@lokal.naf.no