
Årsmøte 2026
Årsmøtet i NAF Avd Fjordane og Ytre Sogn vert laurdag 14.mars kl 14:00 på Scandic Victoria Hotel, Florø
Vi inviterer alle medlemmer til årsmøte i Florø laurdag 14.mars frå klokka 14:00.
Møtet vert innleia med ordførar i Kinn kommune, Bengt Solheim-Olsen (H) som vil ta føre seg samferdsleutfordringar i kommunen. Vidare får vi besøk av NAFs president Tor Arne Litlere og lokalavdelingens kontaktperson i NAFS Hovedstyre, Irene Teige Killi, som vil snakke om kva NAF jobbar med strategisk og kva som er satsinga framover.
Det vert elles vanlege årsmøtesaker i henhold til NAF sine vedtekter § 16.
Alle med gyldig medlemskap har stemmerett på årsmøtet. Det kan ikkje avgis stemme ved fullmakt.
Saker som medlemmer ynskjer lagt fram for årsmøtet må vere innsendt til styret innan 27.februar. Sakene skal sendast til fjordaneogytresogn@lokal.naf.no
Det vert felles årsmøtemiddag laurdag kveld frå klokka 19:00. Medlemmar som ynskjer å delta på middagen må melde seg på til fjordaneogytresogn@lokal.naf.no innan fredag 27.februar. Eigenandel for middagen vert kr 300,- pr pers. Hugs å melde frå om allergiar! Tillitsvalde og frivillige som har bidrege på ein eller fleire aktivitetar i løpet av 2025 får dekka årsmøtemiddagen.
Vi har eit bærekraftsmål om å redusere forbruket av papir. Sakliste og dokument til årsmøtet kan de få tilsendt ved å kontakte oss på fjordaneogytresogn@lokal.naf.no
Sist oppdatert: 24. februar 2026
Fant du det du lette etter?